Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ringte dei brørne sine?

Skrive av Atle Berge .

Jonas Hassen Khemiri. Foto: Gamle Swartzen/Flickr/CC-lisens

Den svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri skriv vittig om fordommar og terror i ei bok som også er svært relevant for norske lesarar: Kva om gjerningsmannen 22. juli 2011 hadde vore ein muslimsk terrorist?

 

I alle sine tre første romanar, inkludert den siste Jag ringer mina bröder som nettopp er lansert, skriv Jonas Hassen Khemiri om å vere svensk, men sjå ut som ein invandrar frå eit land utanfrå Schengen (til dømes fordi ein av foreldra er frå Tunisia).

Jag ringer mina bröder er skriven med utgangspunkt i det mislukka terrorangrepet i Stockholm i desember 2010 – berre terroristen vart drepen då bomba gjekk av for tidleg. Hovudpersonen Amor si redsle for å bli plassert i same kategori som terroristen, er drivkrafta i romanen, og han har sjølvsagt god grunn til å vere redd.

I timane etter eksplosjonen i regjeringskvartalet 22. juli 2011, fekk til dømes muslimske osloborgarar og andre som såg ut som dei kunne vere det, verbalt og fysisk unngjelde. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at mange ringte brørne sine og sa: Det hände en så sjuk sak nyss. Har ni hört? og la til: Nej ingen är gripen. Ingen är mistänkt. Inte ännu. Men nu börjar det. Gör er redo (s. 7).

Tittelen på boka viser til romanforma: Amor ringer venner og familie, brødrene sine. Ofte er det uklart kven som pratar, andre gonger tydeleg berre samtalar som finn stad i hovudet til Amor. Grepet minner meg om Stille dager i Mixing Part (2010) av Erlend Loe. Både Khemiri og Loe skriv friskt og kjapt. Dei vrir på ord, skriv feil med vilje. Her om nybakte småbarnsforeldre som ringer klokka sju om morgonen:

Banan.

Va?

Banan mannen. Hon åt banan for för första gongen i dag! Kan du fatta det?

Okei, men jag … Jag vaknade nyss. Vad är klockan?

Den är snart sju. Morgonstund har guldig mun!

Man forsöker somna om.

BANAN MANNEN BANAN!

Det går inte.

BANAN!

Man går up, man fixar frukost (s. 23–24).

Noko av det beste med romanane til Khemiri, både Jag ringer mina bröder, Et øye rødt (norsk 2005) og Montecore – en unik tiger (norsk 2006), er leiken med innvandrarrolla. Å kritisere dei som kallar alle muslimar terroristar, er lett og ikkje noko som krev ein heil roman. Heldigvis handlar boka minst like mykje om kva Amor trur at andre folk tenkjer. Han er minst like fordomsfull …

Det er også ei fin rørsle i romanen, frå tilbaketrekning til munter opposisjon:

Frå: Jag ringer mina bröder och säger: Ligg lågt i några dagar. Stanna hemma.

Släck lamporna. Lås dörrarna.

Til: Glöm det jag sa. FUCK tysnad. FUCK osynlighet. Byt ut era anonyma kläder mot neonfärgade bastkjolar. Dekorera kroppen med glittrande julgranskulor.

Smeta in ansiktet med självlysande färg (s. 83).

Jag ringer mina bröder er med andre ord eit perfekt utgangspunkt for å diskutere fordommar. Samstundes gjer Khemiri sin intelligente språk- og rolleleik teksten til underhaldande og fleirtydig litteratur, ikkje politisk kampskrift. Den siste sida i boka er til dømes av typen som både gjer vondt i både magen og smilebandet.

Amor går heimover og blir skremt av eit mistenkeleg individ med svart hår, uvanleg stor ryggsekk og palestinaskjerf:

Det tog bråkdelen av en sekund innan jag insåg att det var min spegelbild (s. 126).