Magasinett

Synsingar

Utskrift

Noreg, Quo Vadis?

Skrive av Mette Karlsvik .

I fjor vann den gamle boksaren Tomas Espedal slaget om Brageprisen for skjønnlitteratur for vaksne.

28. november vinn fem norske forfattarar kvar sin Bragepris, og 75000 norske, sterke kroner. Kva seier nominasjonane til Brageprisen 2012 om Noreg i dag?

Syngje, seier ho så stilt, det forsvinn mest i duren utanfrå vindauget, les Lars Aamund Vaage i radioen no, i P2, eller noko slikt var det han las no nyleg, i radioen.

Det er ikkje så lett å få med seg den eksakte ordlyden frå opplesinga, men musikken av teksten, han får eg med. Og det syng i den brageprisnominerte romanen til Vaage. Brage var den gamle norrøne guden for diktarkunst. Og kokken i Valhall. Og eg står her og vaskar opp, og førebur middagen.

Vatnet fossar ut av kranen min mens det dundrar av regn mot vindauget. Bare nokre hundre meter nedanfor fossar vatnet forbi Hønselovisas Plass. Der stod Brageprisnominerte Kjartan Fløgstad og holdt 1. maitale tidlegare i år. Ein flammande, politisk tale. Om Noreg i dag. På ein plass som minner oss om korleis Noreg har vore. Vi har ikkje alltid hatt oljemilliardar. Ein gong vandra kvinner i fattigmannsskjorte og ullstakk rundt her, i forkle og eit sjal, og bar og bar. Alle måtte jobbe her på Torshov. Karar, kvinnfolk og ungar. I dag har vi råd til å satse enno meir på fornybare kjelder, sjå enno nærare på korleis vi kan nytte vatnet, til dømes, til energi.

Hadde eg bare kompetansen min i den retninga! Men eg har studert og jobba med tekst og bilde. Og eg radioen står på kulturflata til NRK: Kulturhuset presenterar dei nominerte til Brageprisen; ein forfattar i kvart hus. Medlemmer av forfattarforeininga er i år nominerte i alle klassar, og ikkje bare i kategorien for skjønnlitteratur for vaksne. Lista over nominerte til årets Brageprisar viser talentmangfaldet hos dei norske forfattarane. Nemnte Vaage er ikkje bare romanforfattar, men også kjent som dramatikar og poet. Blant kvalitetane i den nominerte romanen, skal vere poesien. Poet og romanforfattar er også Geir Gulliksen. Han er i år nominert med ei barnebok. Også Gaute Heivoll, som i sin tid vann Brageprisen for Til jeg brenner ned, er òg nominert med barnebok. I klassen for sakprosa har ein Tor Eystein Øverås og Aage Storm Borchgrevink. Det er to poeng med dette: Det eine er å vise sjølv forfatteri er multikunst. At ein har multiforfattarar på same måte som at ein har multikunstnarar. Den tradisjonelle multikunstnaren driv både fotografi og skulptur. Den tradisjonelle multikunstnaren driv to ulike formar for poesi. Den moderne multikunstnaren beherskar både poesien og det prosaiske. Prosaen kan vite meir om kor han vil. Men han kan likevel vere kunst. Poesien, derimot, er vanskelegare å stake ut vegen for eller vegen etter. Gunnar Wærness sa det slik under Forfatterforeningens medlemsmøte nyleg: Poeten lagar ikkje poesi. Han brukar den.

Det poetiske, det opne, det som ikkje er så lett å bestemme, det blir sett pris på i Noreg i dag. Ein kan spørje seg kvifor. I andre land har poesien i periodar vore politisk. I tider av unntakstilstand, når ein har trengt endringar, har nokre "brukt" poesien. I atter andre land, der ytringsfridomen har vore truga, har folk uttrykt meiningar med det opne, tvetydige poetiske språket. Noreg er i ei tid av medgang og økonomisk oppgang. Poesien blomstrar. Når Brageprisen blir delt ut på onsdag, er det fire poetar blant dei nominerte. Alle er ikkje nominerte med poesi i år, som Geir Gulliksen, og Vaage, som altså har ein roman på lista. Men både Cecilie Løveid og Kjartan Hatløy er nominerte med diktsamlingar. Begge to om dei nærmaste tinga. Men begge to med ulike tilnærmingar - og frågang til "det nærmaste". Hatløy skriv i Kjøkkendikt om kjøkkenet som han har hatt sidan 1983, og framleis har. Løveid skriv i Flytterester om det å flytte til Bergen. Om å bli verande, mot å bryte opp, starte om att.

Så, Noreg, kor går du? Skal du vere i situasjonen av i dag, med av oljebasert økonomi og mellombels rikdom? Eller skal du gå ein annan veg, satse meir pengar på fornybar energi?