Magasinett

Synsingar

Utskrift

Hæ? Holberg? Tidsklemma?

Skrive av Atle Berge .

Den norsk-danske forfattaren Ludvig Holberg (1684-1754). Måla av: Jørgen Roed

Det er på tide å innrømme det: Eg er stadig historielaus og trur verda går framover. Heldigvis har Ludvig Holberg opna auga mine.

 

Eg har sett på dei negative konsekvensane av dei neomoderne liva våre som noko nytt i menneskehistoria. Livet var kanskje fysisk hardt før, har eg sagt til meg sjølv i møte med alle moglegheitene globalisering og teknologirevolusjon tilbyr, men ingen menneske har før måtte ta stilling til så mange val. Heldigvis har eg no endeleg opna Niels Klims reise til den underjordiske verden av Ludvig Holberg – ei bok eg fekk for lenge sidan, men ikkje har lese fordi det er snakk om ein tekst frå 1700-talet. Og kva kan vel ein tekst frå 1700-talet lære meg?

Her gjer eg meg sjølvsagt dummare enn er eg, men eg vart verkeleg oppriktig overraska då det første eg las var dette: «Vi blir bare surere og surere, forsømmer det vi skal gjøre og er ingen steder fordi vi skal være alle steder på én gang».

Hæ, tenkte eg. Holberg? Tidsklemma?

Eg las vidare; oppdaga at Holberg via Niels Klim allereie i 1741 kritiserte sjukehusstrukturen anno 2012: «Når en lege skal ta seg av vanlige sykdommer og feil i statens styre og stell samtidig, kommer han til å gjøre begge deler like dårlig.»

Klim kjem også med eit innlegg i den viktige debatten på på nrk.no si nye debattside Ytring. Om dei flinke skriv Klim/Holberg:

Hva annet kan man vente seg av en musiker enn falske toner, når han samtidig både vil spille gitar og være rådmann? Vi beundrer dem som tør påta seg forskjellige verv samtidig, maser seg til de viktigste oppgavene og mener de kan klare alt, men det er bare dumdristighet og manglende kjennskap til egne krefter vi er dumme noko til å beundre.

Hadde Holberg levd i dag, ville han truleg vore på Twitter. Han var trass alt ein del av 1700-talets «prateklasse» (nok eit fenomen som stadig blir framstilt som noko nytt). Med utangspunkt i dette, er det ikkje utenkeleg at nokre av problema omtala i sitata, framsto som luksusproblem for andre delar av samfunnet – slik våre problem med tidsklemme, presentasjonsangst og helsekøar mest sannsynleg gjer for resten av verda.