Magasinett

Synsingar

Utskrift

Fred i vår tid

Skrive av Nils Henrik Smith .

Foto: Euseson/Wikipedia/CC-lisens

Denne veka fekk EU Nobels Fredspris. Var det så lurt?

 

Lat meg først av alt seie at eg trur eg er meir positiv til EU enn dei fleste nordmenn (Torbjørn Jagland ikkje inkludert). Det er viktig og naudvendig at vi har ei ordning for samarbeid over europeiske landegrenser, og EU er ei betre ordning enn mange andre ordningar ein kunne førestelle seg. Eg er til og med, under tvil, tilhengjar av norsk medlemskap i EU, ikkje minst fordi eg synst det er for teit at Noreg heile tida må godta forordningar og direktiv frå unionen utan sjølv å ha særleg innverknad på det faktiske innhaldet i dei. Uansett, EU er ein maktstruktur. Maktstrukturar må vi ha for å unngå at samfunnet skal kollapse i anarki, og som maktstruktur fungerer EU eigentleg heilt greitt: det er ganske lite undertrykkjing av folket, menneskerettsbrót, valdeleg konflikt etc. innad i EU samanlikna med dei fleste andre regionar. Og det er jo bra. Men er det bra nok? Bra nok til å få den høgast hengjande av alle prisar i heile verda? Her er eg litt meir skeptisk, må eg erkjenne.

Mi første innvending er prinsipiell: eg veit ikkje om eg synst det er rett at maktstrukturar skal få fredsprisar. Burde ikkje slike prisar vere forbehaldne dei som utfordrar makta, peikar på det den gjer gale og bed den å oppføre seg? Prisvinnarar som Liu Xiaobo, Jody Williams eller Desmond Tutu? Jo, eg trur eg meiner det. EU har politisk makt. Moralsk makt bør haldast skilt frå det politiske området i så stor grad som praktisk mogleg.

Mi andre innvending er praktisk: er det no verkeleg så sikkert at EU er den fredsskaparen som Nobelkomitéen trur? Eg er litt skeptisk. Hovudargumentet ser ut til å vere at sidan EU vart oppretta i 1957, har det ikkje vore starta nokon krig innad i EU-området, og sidan fred er det motsette av krig, og sidan EU stadig utvidar seg, følgjer det at EU fører til fred, og såleis fortener ein fredspris. Problemet med eit slikt resonnement er at det ikkje er logisk gyldig. Det treng ikkje vere feil, men det lét seg vanskeleg gjere å bevise at det er rett. B) Fred er ingen naudvendig og uunngåeleg konsekvens av A) EU. Samanfallet av dei to kan vere heilt tilfeldig. Nobelkomitéen har såleis tildelt EU prisen fordi organisasjonens eksistens og stendige vekst etter komitéens oppfatting sannsynlegvis fører til (meir) fred. Det verkar litt tynt, spør du meg.

Mi tredje innvendig er metafysisk, eller kva ein no skal kalle det. Kva med alt EU ikkje gjer? Rett nok er det fred i regionen no, og har vore det ganske lenge, men kan vi kjenne oss trygge på at det framleis vil vere slik i framtida, og viss freden ryk, kven har ansvaret? Den moderne europeiske freden er knytt til økonomisk vekst, basert på idéen om at land som handlar med kvarandre, ikkje går til krig mot kvarandre. (Det finst mange døme på at dette ikkje alltid stemmer, men eg skal ikkje ta den historieleksjonen no.) Men for tida går det ikkje så bra, faktisk er situasjonen i mange EU-land tilnærma katastrofal, og nesten alle er samde om at det vil verte verre før det vert betre. Verst går det ut over ungdom.

I Berlin i fjor delte eg ein periode husvære med ein spansk arkitekt. Han var nyutdanna frå toppinstitusjonar i New York og London, og helst ville han no reise heim til Madrid, men det var heilt umogleg, sa han, for det var ikkje jobb og få, og viss han mot all tenkjeleg logikk likevel skulle få jobb, ville inntekta, hevda han, uansett ikkje vere tilstrekkjeleg til å leve av. Ein kveld trefte eg ei italiensk jente. Ho fortalde at ho hadde hatt ei stilling i kommuneadministrasjonen i Milano, og treivst med det, men vart tvinga til å slutte og forlate heimlandet fordi staten kutta pensjonen til mora i to, og ho kunne tene betre og såleis forsørgje begge ved å jobbe på eit callsenter i Tyskland. Slik er realiteten for millionar av unge europearar i dag, men dei treng iallfall ikkje frykte massakre, teppebombing av sivile mål eller døden i konsentrasjonsleir, slik besteforeldra deira måtte. Vi hugsar at Barack Obama fekk fredsprisen for ikkje å vere George W. Bush, og at mange syntest det var ganske pinleg. Vel. EU har fått prisen for ikkje å vere Hitler. Treng eg seie særleg mykje meir?

Denne hausten har styresmaktene i Spania late politiet bruke metodar ikkje sett i landet sidan Franco-diktaturets dagar mot demonstrantar som ikkje gjorde anna enn å påpeike at dei var misnøgde. I Hellas har det nyfascistiske partiet Gylne Daggry teke plass i nasjonalforsamlinga, og organiserer eigne innsatsgrupper av unge menn som fér rundt på motorsyklar i ly av mørket og bankar opp innvandrarar. I Ungarn vil partiet Jobbik lage listar over ungarske jødar som «trugar nasjonens interesser». I alle land kor romfolk finst vert dei trakassert, og ansvaret for valden vert rutinemessig lagt på ofra sine akslar. Overalt i regionen vinn høgreradikale organisasjonar terreng, men EU er ikkje særleg opptekne av dette. Dei er opptekne av å spare pengar. Her finst unionens akilleshæl: dei kjenner kostnadene for alt, men verdien av stadig mindre. Dei er i ferd med å miste kontakten med folket, og folket er i ferd med å miste kontakten med verdiar som likeverd og toleranse.

Og kva med det som skjer langs unionens yttargrenser? Kva når russiske styresmakter etter parodiske «rettssaker» fengslar ytringsfridomsaktivistar? Kva når Kviterusslands diktator Lukasjenko terroriserer eiga befolking? Kva når Ukraina innfører ein lov som forbyr «homoseksuell propaganda»?  Eller kva når Norge, det rikaste landet i Europa, nektar å oppfylle sine plikter overfor mindreårige asylsøkjarar, fordi det er upraktisk? Då løftar EU ikkje ein finger.

Det finst mykje fint å seie om EU, men det kan vi ta ein annan dag. Organisasjonen verken fortener eller treng ein fredspris. Dei treng å vakne frå sitt eige sløvsinn, og sørgje for at freden vedvarer.

 

BLI MED PÅ SKRIVEKONKURRANSE: MIN EUROPEISKE DRAUM!