Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ferdig. Kva no?

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Åsane i Bergen. Foto: Svein Harkestad/Wikipedia/CC-lisens

Det er ikkje alltid kjekt å bli ferdig med noko, anten det er ungdomsskulen, vidaregåande, eller universitetet. For kva skal du gjere så?

 

Nett no er det sikkert mange der ute som held på å gjere ferdig tiandeklasse på ungdomsskulen, eller tredjeklasse på vidaregåande. Kanskje er det fleire der ute som eigentleg gruer seg litt, fordi dei lurar litt på kva i all verda dei skal gjere vidare. Søknadsfristane nærar seg, og kanskje verker ikkje noko særleg freistande, eller kanskje har ein lyst til alt. Mulegheitene er mange, og nokre gongar alt for mange: For korleis skal ein eigentleg vite kva ein vil, når det er så mykje å velje mellom?

Sjølv er eg til våren ferdig med mastergraden min. Snart er det fem år sidan eg flytta frå Bergen til Oslo, saman med han som var kjærasten min då, og starta på universitetet. Plutseleg hadde eg eit heilt nytt liv, eg budde for meg sjølv saman med ein fin fyr på Grünerløkka, eg fekk verdas finaste vener på universitetet, utanfor døra var storbyen, ein for meg heilt ny by, og eg gjekk timevis den hausten igjennom gatene, inn på nye kafear, frå løkka til Sankthanshaugen, til Bislett, Adamstuen, Majorstua, og desse plassane som eg berre hadde sett på tv og lært å hate i det patriotiske Bergen, desse blei for meg magiske. Her kunne eg gå i timevis, i ein by, der ingen kjente meg, i ein by som var min, men som likevel var ukjent. Best av alt var det kor mykje plass og aksept det var: Alle i Oslo er jo innflyttarar, så det er ingen som lurar på kvifor du er her, dei aksepterer berre at folk kjem til Oslo, og gjer rom for dei.

I fem år var målet mitt å gjere det godt på studia, først å få gode nok karakterar på bachelor til å kome inn på master, og når eg kom inn på master, så var målet mitt å få gode nok karakterar til, vel, til kva då? For første gong i livet mitt veit eg ikkje heilt kva eg vil, etterpå. I mai skal eg levere oppgåva mi inn, og eg skal vere ferdig. Men kva i all verda skal skje etterpå?

I Furuset, den nye boka til Linn Strømsborg, er det nett dette det handlar om. Eva er ferdig med mastergraden sin i statsvitskap, men veit ikkje heilt kva ho skal gjere vidare. Og når leigekontrakten til kollektivet går ut, og dei andre forsvinner, så flytter Eva rett og slett heim til foreldra, og det gamle rommet sitt i ei blokkleilegheit på Furuset. Ho startar å arbeide på den gamle videobutikken, og å henge med dei gamle venene frå skuletida.

Når Eva flyttar heim er det ikkje fordi ho har lengta attende til Furuset. Tvert i mot: Når ho flytta ut ville ho aldri attende, og når ho flyttar tilbake, etter å ha studert ferdig, er det berre fordi ho ikkje veit kva ho vil, fordi ho ikkje har nokon annan plass å bu, og fordi mora føreslår det. Men kva skjer då, når Eva først er flytta attende til den plassen ho aldri ville attende til?

Det går overraskande bra. I nesten eit halvt år sit Eva på videobutikken på kveldane, er ute med barndomsgjengen i helgene, et middag med foreldra, og søv lenge om morgonen. Og det som først kan verke som noko ganske trist, iallfall for Eva, å vere flytta heim og jobbe på videobutikk medan venene kjøpar leilegheiter og flyttar til utlandet, det syner seg å vere ganske fint. Ganske fint, ikkje på den måten at Eva vil bu heile livet på Furuset, men ganske fint på den måten at Eva forstår at det ikkje er noko tragedie å bu ein stund på Furuset. For som venen hennar Jo seier, så er det ikkje stedane som bestemmer kven vi er, Eva blir ikkje mislykka av å flytte til Bislett. Eva er jo den same Eva anten ho bur i kollektiv på Bislett eller heime hos mor og far på Furuset. Og å vite det, det gjer Eva tryggare.

Det er nok mange av oss som er litt redd for heimplassane våre, sånn som Eva. Kanskje går vi heile ungdomstida, som ho gjorde, og lengtar oss bort frå dei plassane vi er fødd og oppvaksen, og når vi først kjem bort er vi kanskje dødsredd for å ende opp heime igjen. Eg veit eg hadde det sånn med Rolland, plassen i Åsane der eg kjem frå, og Bergen, i seg sjølv. Men kanskje er det ikkje plassane det eigentleg er noko i vegen med: Kanskje er det berre heilt naudsynt å føle seg litt mistilpassa når ein veks opp, og at noko av dette ubehaget på eit eller anna vis smitter over på plassen der ein går og kjenner på alle desse kjenslene.

Derfor har eg lurt på om eg skal gjere litt som Eva. Kanskje ikkje flytte heilt heim til foreldra, men heim til heimbyen, for ei tid. Etter fem år i Oslo er det gjerne greitt å kome attende til Bergen, ikkje for alltid, men for ein stund, for å kjenne at sjølv om verda er stor og har mange fantastiske plassar, så kan kanskje Bergen vere ein ok plass å ende opp, det òg. For då slepp eg jo å vere redd, ikkje sant, for å ende opp heime, om eg finner ut at heime i grunnen er ein fin plass.

Dessutan kan det jo kanskje vere greitt å ha ein pause, no når eg er ferdig med ein mastergrad, medan eg finner ut kva eg vil etterpå. Kanskje er det berre det rettaste å gjere når ein er ferdig med noko stort, å stoppe litt opp, reise litt heim, og kjenne litt på keisemda, medan ein finner ut kva i all verda ein vil gjere vidare.

Det er lett å bli rive med: Å jage gjennom livet frå arbeid til arbeid, og aldri ha tid til å stoppe opp, fordi ein alltid berre skal vidare. Og kvar ligg lukka i det? I Furuset finst det ei lukke i å vite at livet kan vere bra, sjølv om det verste skjer og ein må flytte heim og arbeide ein stund på ein videobutikk på Furuset. For ein trenger ikkje alltid ha ein plan i livet, og ein trenger ikkje alltid stresse med å vite kva ein vil. Av og til er det nok å berre vere til, og så faller alt på plass etterkvart.

Det er i alle høve det eg satsar på.