Magasinett

Synsingar

Utskrift

Motstand mot motstand

Skrive av Atle Berge .

Sult er også eit døme på at måten vi uttrykker oss på, speglar menneskesynet vårt, skriv Atle Berge. Her frå filmen Sult.

Dette er ein tekst om motstand. For å gjere det lett for lesaren, er ingressen kort.

 

Kvar dag serverer tv-kanalane program laga for at vi skal kunne leve zombieliv framfor tv-en. Dei fortel historier vi har hørt før, på måtar vi har sett før, så vi slepp å konsentrere oss. «Ikkje provoser!» er utgangspunktet til dei fleste underhaldningsprogramma, medan dei som skal provosere eller skape debatt, gjer det etter faste mønster; alltid like enkelt å ta avstand frå, eller omfamne, dersom ein er ein slik som har sansen for det andre misliker.

Dette er mildt sagt ingen original kritikk, men så lenge det er sant og viktig, har eg ikkje noko imot å slå inn opne dører: Saman med plateselskap, forlag, magasin- og avisredaksjonar, skapar tv-kanalane kulturkonsumentar som ikkje toler motstand.

Ein konsekvens av livet i denne mediekvardagen, er nemleg at motstand irriterer meg. Ein annan konsekvens, er at eg ofte blir utolmodig når eg ser på tv, er på kino, hører på musikk eller les – nettopp fordi produkta er så motstandslause. Eg ønskjer meg altså noko anna enn all denne friksjonsløysa, men når nokon lagar eit alternativ, blir eg irritert fordi dei gjer det så vanskeleg for meg.

Eit døme på dette er Nordaustpassasjen av Kjartan Fløgstad. I romanen som kom ut i fjor, skriv Fløgstad om så mange stader og med eit så vidt tidsperspektiv at det ofte er vanskeleg å vite om ein er i Sibir, Spania eller Stavanger, og om dei ulike historiene går føre seg på slutten av 1930-talet eller i framtida?

Også ordforrådet til Fløgstad skaper motstand for lesaren. Pøs og svaber. Poopen, kraftblokka, greasesprøyta. Fløgstad er ikkje redd for å bruke det båttekniske vokabularet sitt. Eg las først dette som eit forsøk på å briljere, men kom etter kvart fram til at det er snakk om å ta vare på eit viktig ordforråd få har kunnskapar om. Det er ingen grunn til å kjenne seg stengd ute av teksten; Fløgstad krev neppe at landkrabbar som meg skal forstå alt utan å bruke ordbok eller google.

Romanen til Fløgstad er med andre ord eit døme på noko av det vi kan gå glipp av når målet med all skapande aktivitet er å gjere det enklast mogleg for publikum: Kompliserte samanhengar blir reduserte til enkle forklaringar. Registeret av uttrykk, blir snevert. Fordi motstand irriterer, er det fare for at vi avviser kunstverk som kan ha i seg kunnskap og innsikt vi har bruk for. Hamsun til dømes: For den unge Knut var mennesket meir komplisert og utilrekneleg enn det han meinte kom fram i verka til blant anna Ibsen. Derfor tok han oss med inn i hovudet til den merkelege eg-personen i Sult. Over hundre år seinare, hermer tusenvis av romanar kvart år denne forma, men då boka kom ut, skapte den nye tenke- og skrivemåten motstand for lesaren.

Sult er også eit døme på at måten vi uttrykker oss på, speglar menneskesynet vårt. For Kjartan Fløgstad er menneska samansette vesen han framstiller ved å fortelje samansette historier. I opposisjon til dei som meiner at eit hovud, ein teori eller ein religion, er nok til å forstå alt om verda, skriv Fløgstad historier med mange innfallsvinklar og ulike typar språk. 

Motsatt speler menneska i den motstandslause tabloid-kose-estetikken og den like motstandslause dyrkar-alt-som-provoserer-andre-estetikken, klassiske arketypar: Oss mot dei andre – helt, skurk og jomfru i nød. Ikkje berre i fiksjonar, men også i nyheiter blir menneske pressa inn i variasjonar av desse lett gjenkjennelege og mostandslause formene, til dømes «invandrar» og «helskekøoffer».

Eit av refrenga i Nordaustpassasjen, er at journalistikken har gjort fascismen overflødig; den som vil kontrollere massane treng ikkje bruke militærmakt så lenge han har mediemakt. Det er ein påstand plassert på ein svært tynn spiss, men sjølv om norske politikarar og journalistar neppe er del av ein fascistisk konspirasjon, er det verd å tenke over spørsmålet påstanden rommar: Kven tener på fråværet av motstand?