Magasinett

Synsingar

Utskrift

Bak mål

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Holmenkollen. Foto: Kjersti Magnussen/CC-lisens

9.september er det val. Ikkje berre dei politiske partia er oppe til doms, også avgjerda om Oslo skal sende ein OL-søknad eller ikkje.

 

Folket i Oslo skal få seia meininga si om byen skal bli åstad for verdas mest prestisjefylte idrettsfest. På noverande tidspunkt vitnar slike planar om lite anna enn stormannsgalskap.

Det blir ofte sagt at det ikkje finst nokon motsetning mellom breidde- og toppidrett. Til dømes står jo Norges idrettsforbund bak søknaden om OL til Oslo i 2022. Men i dette tilfellet er det ekstra vanskeleg å tru. Oslo kommune har allereie brukt 130 millionar kroner til å førebu ein OL-søknad. Det er oppretta eigen etat, tilsett eigen prosjektleiar og svidd av store summar på konsulenttenester.

På same tid er vedlikehaldsetterslepet på idrettsanlegg i Oslo enormt. Bymiljøetaten rekna sjølv ut at etterslepet allereie i 2010 var på 600 millionar kroner. Voldsløkka matchbane, Jordalishall og kunstgress, Skullerudskianlegg og Sogn bad er berre nokre av alle dei anlegga som hadde trengt eit kraftig løft. Likevel skulle det altså ikkje stå på pengar da ideen om eit OL kom på bordet.

Det er elles mykje å ta fatt i framover. Prognoser frå Statistisk sentralbyrå tilseier at i 2040 vil Oslo ha over åtte hundre tusen innbyggjarar, mot dryge seks hundre tusen i dag. Om det er positivt eller negativt, finst det mange meiningar om, men det er iallfall ein situasjon som kommunen – og staten – må handtere. Ei av utfordringane er sjølvsagt bustader. Ein galopperande prisvekst, kombinert med manglande tempo i utbygginga, gir all grunn til å byrje å sveitte.

No vil kanskje byrådet i Oslo hevde at motførestellingane som her har kome opp, i realiteten er argument for å søke om OL. Den politiske, og folkelege, viljen til å gjera milliardinvesteringar i hovudstaden vil, etter deira syn, endre seg radikalt, når folk ser at dei får vera vitne til eit 14 dagars fyrverkeri som kompensasjon. Deltakarlandsbyar som seinare blir til bustadar for nye innbyggjarar og solid opprusting av t-bane- og trikkeliner vil framstå som ein liten pris å betale for slik underhaldning.

For det første er det ein feilslått taktikk. Velferd for Oslo sine innbyggjarar bør ikkje rettferdiggjerast med OL, brød bør ikkje seljast inn med sirkus. For det andre handlar det ikkje berre om pengar og materielle investeringar. Dei menneskelege ressursane som går med i planlegging og gjennomføring vil bli enorme.

Oslo kommune no skulle ha sett kapasitet inn på at alle dei som flyttar til Oslo har ein rimeleg plass å bu, eit godt kollektivtilbod, ei verdig eldreomsorg og ikkje minst – gode idrettsanlegg for at barn og unge i alle aldrar skal kunne boltre seg i aktivitet til glede for seg sjølv og den allmenne folkehelsa. I staden ser vi blod, sveitte og millionar av kroner for eit prosjekt som mest av alt handlar om kortvarige prestisje. Heldigvis er det folkevitet som avgjer.