Magasinett

Synsingar

Utskrift

Stress fot under

Skrive av Frode Grytten .

Guten i nabohuset spelar eit rekviem over platebransjen. Bass og trommeslag. Hippetyhopp. Trippetyhopp. Gjennom veggen hører eg slaga i musikken. Minner meg om ein pacemaker som har gått amok. Som blod bankande i øyra etter ein sprint for livet.


Platebransjen er havna på akuttmottaket. Platebransjen er i krise. Salet dalar. Debutantane debuterer og får straks fyken. Stjernene funklar ikkje fullt sa sterkt lenger. Kongen er daud, og prinsen abdiserer. Hovuda rullar. Absolute Crisis 18.

Korleis kunne ein giøre opprør etter pønkens primalskrik? Var ikkje Sex Pistols og Clash det ultimate ungdomsopprøret? Sidan den gong har pop og rock blitt resirkulert, bransjen har melka alle stilartar og ysta si eiga fortid. Den nye stilen er Rock Xerox; kopiane, gjenferda, gjenforeiningane. Alle rockemelodiar er skrivne no. Alt er gjort.

Rocken er imidlertid ein slu rev. Det nye opprøret kom ikkje gjennom å skrive hardare, tøffare, råare songar. Eller få seg enda meir holete t-skjorte eller endå større sikringsnåler. Det kom gjennom å auke tempoet i musikken, gjennom å skru opp takten. Jungle og triphop har denne michaeljohnson-farta, dette postindustrielle jaget, denne premillennium villskapen som ligg langt unna kvilepuls. Sånn kunne ein ta rotta på all tidligare musikk.

Men det er platebransjen som har gått i revesaksa. Gjennom å tru på at dette høgt oppdrivne tempoet også skulle vere tonen i sjølve bransjen. Eg veit ikkje kor mange omdreiningar ei CD plate går pr minutt, men det rimer vel bra at ho går mykje fortare enn dei gamle vinylplatene.

For platebransjen har eit forbruk på artistar som liknar rundbrennaren. Dei signerer og spyr ut. Promoterar og perforerar. Bruk og kast. Takk og farvel. Hipp og hopp.

Situasjonen i massemedia er i dag ein heilt annan enn då eg vaks opp. Den gong var pop og rock motkultur. å høyre ein favorittmelodi spelt pa radioen var ein sensasjon. I dag er popen medkultur, eksponert absolutt alle stader. Musikkbransjen har no ei heil rekkje salsmedarbeidarar på innsida; HC Andersen-kloningar som spreier den glade salsbodskapen.

Likevel greier ikkje bransjen å selgje fleire plater. Det handlar mellom anna om at folk er blitt så stressa at dei ikkje orkar å høre meir. Platebransjen har ikkje tid til å byggje opp artistar, gi dei ein sjanse, gi dei tid og rom til å feile.

Dei halsar bare vidare, vidare som veddeløpshundar etter ein plastikkhare. Alt er konsum. Alt er Rema IOOO. Bristol-artisten Tricky seier det sånn: -Vi rører oss altfor fort. Det er eigentleg ikkje tusenåret som gjør det, men det at vi byggjer oss opp massevis av stress.

Sånn er det. Og når eg hører den desperate takten gjennom veggen, så tenker eg på at det er eit rekviem, ei dødsmesse. Snart ligg platebransjen stress fot under. Med alle promoeffektane rundt seg.

Og eg tenker på at eg aldri har sett naboguten gå. Eg har sett han utanfor vindauget mitt mange gongar, snauklipt og tynn. Men han går aldri. Han spring, spring som om han hadde ein synthesizer i hælane.

 

Arkiv - før 2005