Magasinett

Synsingar

Utskrift

Ei ny tid

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Siv Jensen og Erna Solberg. Foto: Eirik Helland Urke/Nordiske mediedager/CC-lisens

Eg veit ikkje kva Framstegspartiet og Høgre skal koke opp i regjeringsforhandlingane på Sundvollen. Men eg har kjensla av at det blir nok noko nytt. Eg trur ikkje eg vil like det. 

 

Det er ei ny tid. Då eg kom heim frå reise for eit par dagar sidan, var det mange ting som var nye. For første gong på eit år kunne eg kome heim til ein plass som var heimen min. Eg sprang sporenstreks direkte til Rema og handla inn tre bereposar med grønsakar og fylte opp kjøleskapet. Eg har ikkje hatt eit eige kjøleskap å fylle opp på ein god stund, og dei fleste stadane eg har budd har eg heller ikkje budd lenge nok til at det var noko vits i å fylle opp skapa. Eg skulle jo uansett reise vidare.

Men no er eg heime, men heimlandet er ikkje heilt det same som eg reiste frå sist. For då er reiste frå landet, var det like før valet. Frå Sverige følgde eg med på nett-tv, og såg korleis dei borgarlege halte sigaren i land. Det var mykje nytt med valresultatet, vi fekk eit nytt parti inn på Stortinget, Dei Grøne. Kva innverknad Rasmus Hansson vil ha på miljøpolitikken får tida vise. Men det var noko nytt og enno større valet førte med seg. Frå utlendigheita i Sverige såg eg for første gang eit valresultat som kunne, og sannsynlegvis ville, føre Framstegspartiet i regjering.
Då eg kom attende, hadde dei fire partia forhandla seg ferdig. Kristeleg Folkeparti og Venstre hadde signert ei samarbeidserklæring som gav dei nokre viktige sigrar, og mot desse ville dei støtte ei regjering med Høgre og Framstegspartiet. Etter at erklæringa blei lagt fram måndag reiste Framstegspartiet og Høgre tysdag til Tyrifjorden, til Sundvollen Hotell, for å lage regjeringserklæringa si der.

Tysdag morgon vakna eg utan røyst. Eg tok sjukdomen som ein kroppens sorgreaksjon på det som hadde skjedd. Kanskje er det og eit frampeik på kva som vil skje med norske forfattarar og journalistar: Med ein mørkeblå regjering er både pressestøtta, boklova, kulturrådet og kunstnarstipenda truga. Det kan bli mykje stillare i dette landet her.

No vel, heilt stilt er det ikkje enno.

Etter at venen min las om samarbeidserklæringa i ei nettavis såg han opp på meg. Er det ikkje litt ironisk at Framstegspartiet skal sitje på Sundvollen Hotell og forhandle om regjeringsmakt, spurde han. Venen min, som er plassert langt ute til venstre og har ein tendens til å tenkje at folk på den andre ytterkanten av den politiske skalaen anten er vonde, dumme, eller skada i barndomen, kunne ikkje forstå kva som var skjedd. For to år sidan var det same hotellet plassen der folk søkte tilflukt etter åtaket Anders Behring Breivik utførte på Utøya. Og no skulle partiet han tidlegare var medlem i, sitje der og forhandle om regjeringsmakt? Det var absurd.

Når folk snakkar om Framstegspartiet, veit eg aldri heilt kva eg skal tenkje. Politikken deira har eg ganske klare meiningar om, det er ikkje det, men når folk skal snakke om kva Framstegspartiet er og kva dei tyder, er det lettare å bli forvirra. Debatten som oppsto etter at Heikki Holmås, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti, kalla Framstegspartiet for høgre-populistar er eit godt døme. Debatten raste og Erna Solberg meinte Holmås burde be om orsaking.

Eg er berre ein skarve litteraturvitar og kan ikkje bedømme om Frp er korkje det eine eller det andre, men som avislesar og politikkinteressert person slo denne debatten meg som ny. Kor ofte har vi seriøse, engasjerande diskusjonar om kva ideologisk retning eit parti tilhøyrer? Kor ofte lagar dette overskrifter? Sjeldan. Når det skjer verkar det oftare å vere uttrykk for flisespikking eller intern kiving, som når unge høgre og unge venstre kranglar om kven som er dei ekte liberalistane.
Men i media? Med partileiarar involvert? Dette var noko nytt. 

Det heile ville kanskje vere lettare å forstå om Framstegspartiet var eit nytt parti. Som Dei Grøne, som i paneldebattane i valkampen stadig måtte finne seg i å bli flytta rundt, frå å måtte stå med venstresida, høgresida og sentrum. Spørsmål som kven er eigentleg Dei Grøne og kva meiner dei eigentleg om andre ting enn miljø verka som naturlege spørsmål. Dei Grøne var jo eit nytt parti, og dermed var det kanskje ikkje så rart at folk lurte. Men Framstegspartiet har vore ein del av det politiske landskapet i førti år. Dei burde vi vel kjenne no?
Kanskje ikkje. Vi har aldri sett dei i regjering. Og det verkar som om det har skjedd noko med Framstegspartiet. Der partiet tidlegare var kjenneteikna av ei rekke lause kanonar som skaut ut både den eine og andre tendensiøse utsegna, har det vore så godt som tyst frå under dei to vekene under forhandlingane, sett bort frå ein mindre skandale omkring ei valdtektsmelding. Til og med Carl I. Hagen har vore stille. Partidisiplinen er på plass. Partiet har synt at dei er seriøse nok til å ta makta.
Kva Høgre og Framstegspartiet kjem fram til medan dei sit på Sundvollen Hotell er det sjølvsagt umogleg å vite. Men i samarbeidserklæringa mellom dei fire borgarlege partia er det nokre punkt som syner at det blir blåblå politikk frametter. Dei blir ei rekke forandringar dei neste fire åra, det blir mykje forandringar.

Pappapermen blir innskrenka, det vert store skatteletter, kristendomen kjem attende på timeplanen i religionsfaget og det vert ein strengare asyl- og innvandringspolitikk.

Men kva vil det eigentleg seie? Kva tyder det, for oss?

Mykje vil kanskje ikkje verke så viktige for dei fleste av oss, fordi dei gjerne ikkje vil påverke oss i kvardagen. Ta innstramminga i asyl- og innvandringspolitikken. At ein no vil måtte vere 24 år for å kunne gifte seg og få ektefellen til landet dersom du eller hen har eit utanlandsk statsborgarskap, vil rett nok vere noko nytt, men kanskje ikkje påverke fleirtalet av oss. Ei heller at ein vil måtte bli testa i norsk munnleg og samfunnskunnskap for å få statsborgarskap. Nytt er det òg at det er opna for lukka asylmottak, der asylsøkjarane skal verte sperra inne.

At ei endring kanskje ikkje påverkar oss, i kvardagen, er likevel ikkje nok til å avskrive henne som uviktig. I dag er det hovudsakleg to grunnar til at vi sperrer folk inne: For å straffe dei, eller fordi vi trur dei er ei fare for seg sjølv eller andre. I Noreg i dag er det dømde kriminelle, mistenkte i varetekt, eller psykisk sjuke under tvangsvedtak som vert låst inne. Eg er ikkje udelt positiv til korkje fengselsvesenet som det er i dag eller psykiatrien, men eg er viljug til å innsjå at det nokon gonger kan vere naudsynt å ta frå folk fridomen. Men skal vi sperre folk inne, bør det vere fordi det ikkje finst andre betre løysingar.

At det å søkje asyl no gjer at ein må la seg låse inne, er nytt. Tanken verkar å vere at har ein rømd frå krig og forfølging, så er ein visst ikkje til å stole på. Då må du lagrast og oppbevarast i eit slags asylfengsel, inntil makthavarane og byråkratane har avgjort kva som skal skje med deg. Det er noko nytt.
Kva vil dei gjere med oss, spurde venen min, desse lukka asylmottaka? Kva meiner du med gjere med oss, spurde eg. Nei, sa han, eg meiner: kva vil det gjere med oss om vi synst at det er greitt at folk vert bura inne utan anna grunn enn plassen dei kjem frå? Kva vil det gjere med synet på folk som ser utanlandske ut? Eg vart stille. Eg visste ikkje kva eg skulle seie. Han såg oppgjeven på meg. Tenk om du går forbi ein på vegen, sa han, på ein plass med eit lukka asylmottak. Vil du mistenkje at han eller ho er ein som har rømd? Kva skal du gjere så? Vil vi alle bli angivarar, vil vi tyste?

Eg visste ikkje kva eg skulle svare. Eg var ganske sikker på at eg sjølv ikkje ville tysta. Men ville eg mistenkt? Kva andre ville gjort anar eg ikkje. Eg veit ikkje kva det vil gjere med oss. Eg veit ikkje kva Høgre og Framstegspartiet vil kome fram til på Sundvollen, og eg veit ikkje kva konsekvensane blir av det dei allereie har gått inn for i samarbeidserklæringa med dei andre borgarlege partia, for oss, for det norske samfunnet.

Men ein ting har eg kjensla av. Det blir noko nytt. Og eg kan ikkje seie at eg ser fram til det.